DÆHLIE RUN DAY HOS INTERSPORT ULSTEINVIK!



Team Intersport Joggekompani er ei treningsgruppe som driv mykje med intervallar, det er ikkje lett å motivere seg for intervalltreing aleine, så bli med oss og få motivasjon til å gjennomføre dei svært effektive intervalløktene.

Vi varierer type intervallar alt frå mange korte og raske til får og lange, vi jobbar ut i frå terskelpuls, så det kan vere smart å ha ei pulsklokke med pulsbelte for mest nøyaktig pulsmåling. Men det er ikkje påkrevd!
(terskelpuls brukar å ligge på ca 85% av maxpuls. ) er du usikker så forklarer vi deg kor mykje intensitet du bør ja på den gitte økta.

Vi møtest kvar torsdag kl 20:30 for ein times trening, der sjølve intervallane varer ca 30 min. så har vi 15 min. oppvarming inklusive drills og 10 min. nedjogg. Daniel Slettebakk er vår eminente trenar og motivator, med stor kunnskap som han lett deler med deg ang. trening og restutisjon, skader og forebygging. Korleis kome i form på ein sunn og smart måte!

No torsdag 10.10.2019 er det Dæhlie Run Day og vi skal gjennomføre økta 45/15X30. Dvs. etter ei god oppvarming så skal vi springe 30 intervallar på 45 sec med 15 sec. pause. Det er lov å gi seg etter kvart, du må ikkje ta alle 30, vi legg opp til dette. Dette er ei svært effektiv økt. Du aukar intesitet og maxpuls flyttar syreteskel og får meir kapasitet. Denne torsdagen møtast vi på Hareid Stadion!

I høve Dæhlie Run Day bidreg Bjørn Dæhlie og Maxim med Goodiebags til dei 40 første som stiller opp på økta. I tilegg tilbyr Intersport Ulsteinvik alle som deltek 25% rabatt på valfrie joggesko eller løpeplagg, berre å referere til at du var med på økta.
Den rabatten gjeld fredag 11 og laurdag 12 oktober.

Salg! 50% på utvalgte varer fra Amundsen! Se mer