Fjellførarane sine tips

For ein nybegynnar i toppturverda, er det sikkert mange spørsmål ein stiller seg. Vi har prata med to av fjellets fagfolk. Tindevegleiar Marit Svarstad Andresen og Halvor Dannevig. Begge to jobbar som fjellguide, med utdanning gjennom Nortind.

Hva er topptur for deg?

Marit: – For meg er topptur å gå på ski i fin natur, med fine folk. Lage vakre oppoverspor og ha det artig på vei ned i mjuk snø.
Halvor: – Det er naturoppleving, skiglede og trening, i den rekkefølgen.

Hva er viktig å tenke på når ein startar med å gå toppturar?

Marit: – Det er viktig å tilegne seg kunnskap. For nybegynnarar er det greit å gå eit toppturkurs. Lære seg å planlegge, gjennomføre ein trygg topptur med fin skikjøring. Det er viktig å lære å kjenne igjen det som er skredterreng, for slik å kunne gjere sikre vegval, gå turar etter evne. Det er viktig med god planlegging. Ein treng ikkje gå på dei høgste eller brattaste fjella. Ein finn mykje flotte turar der ein ikkje treng å eksponere seg for skredterreng. Det er der ein bør begynne, få mange fine turar, bygge seg opp erfaring.
 
Halvor: – Alpine skiturar, som vi tindeveg leiarar likar å kalle det, skil seg frå vanleg alpint og fjellskiløping ved at ein i langt større grad må rette seg etter skredfare. I tillegg har ein det som vert krevd for å ta vare på seg sjølv i vinterfjellet, som også fjellskiløparane, må beherske. Altså kle seg riktig, vere førebudd på dårleg vær, finne vegen, ha med sikkerheitsutstyr om nokon skadar seg. Så topptur krev litt meir kunnskap og ski ferdigheiter enn andre skiaktivitetar. Samtidig er det ikkje så veldig hokus pokus. For å finne ut om det er noko ein likar, bør ein vere med nokon som har litt erfaring, eller ein organisert tur. Til dømes under ein av alle skifestivalane som har dukka opp. Gir det meirsmak, kan ein melde seg på eit toppturkurs, kor ein lærer det grunnleggande, om å kjenne igjen og unngå skredterreng, bruke sikkerheits utstyr og gode mønster for ferdsel.

Hva bør ein ha i sekken for ein dag på topptur?

Marit: – Eg får plass til det eg treng på ein dagstur, i ein 30 liters sekk. I den har eg vindsekk, førstehjelpsutstyr, spade og søkestang. Vidare så har eg ei termo/mellomlagsjakke, eit termoskjørt ekstra vottar og ein fleecehals. Eg har også ei tynn skallbukse og ei tynn skalljakke, om eg ikkje har dette på meg. Skihjelmen og skibrillene er med til nedoverturen. Solbriller for oppovertur. Solbriller kan være greit sjølv om det ikkje er sol i høg fjellet. Kartmappe med kart og kompass, en leatherman, hovudlykt, ekstra batteri til lykt og sendar/ mottakar, nokre strips og nokre meter tynt tau. Eg har gjerne med ein liten voksklump om fellene kladdar, spesielt på vårparten er dette greit. Sist men ikkje minst matpakke. Varm drikke på termos og sjokolade. Då er eg klar for tur.
 
Halvor: – Både val av sekk og kva som er i den avhenger av kva slags topptur det er snakk om. Men det er nokre ting som alltid er med: Spade, søkestang, eit tørt og varmt plagg til overkroppen, førstehjelpsutstyr, ein liten kompakt vindsekk. Med mindre det er varmt i været har eg alltid med ei lett dunjakke, og eit par ekstra hanskar og lue. Så har eg ein lett hjelm og skibriller med. Solbriller som dekker godt på sidene er alltid med. Kart og kompass. Multiverktøy, treskrue, 5-metersnøre av tynt klatretau og ståltråd, til å fikse småting. Hovudlykt
og ekstra batteri til sendar/mottakar må også med. Niste og varm drikke er viktig, uten mat og drikke dugde helten ikkje. Gjennom mesteparten av sesongen har eg dette i ein skredballongsekk. Men på turar over fleire dagar om våren, bytte eg denne ut med ein vanleg skisekk. Sekkerommet bør være på 30–35 liter om eg skal få med alt eg treng.

Kva har du på kroppen?

Marit: – Ull er gull! Undertøy av ull, ullstillongs, ullskjorte ullstrømper og ull-lue. Så kjem noko viktig. Sendar/mottakar (skredsøkaren) den er festa på overkroppen innanfor dei andre klesplagga. Utanpå
har eg skallbukse om vinteren, fram på våren ei softshellbukse. Eg brukar også ofte softshell jakke. Eg likar å ha fleire lag med tynne plagg, enn få og tjukke, då har eg mykje fleire mulegheiter for
temperatur regulering, prøver å unngå å bli sveitt. Det viktigaste er å vere passe varm under heile turen; på veg opp, i pausene og på veg ned.
 
Halvor: – Når det er kaldt og rufsete brukar eg gjerne gode og vide jakker og bukser, i vindtett materiale. Liker at jakka dekker rumpa og går høgt i livet. Innebygde gamasjer i buksa er en fordel.
Utover våren eller i fint vær byttas dette ut med softshellbukse tilpassa skibruk, samt ei lett vindjakke. Men har med skallklede i sekken. Innerst brukar eg ullundertøy og på overkroppen ein tynn fleecejakke eller genser ved behov.

Det beste tipset for den beste dagsturen?

Marit: – Planlegge godt. Etter vær og forhold, etter menneskene i gruppa. Med det meiner eg, motivasjon, fysiske forutsetningar, utstyr, kor godt kjenner ein kvarandre, kommunikasjon imellom og målet for turen. Har ein vore gjennom det så er ein godt på veg.
 
Halvor: – På våren vil ein gjerne planlegge tur slik at ein går fort opp på hard og rask skare, og kan køyre ned på soloppvarma slush. Skal ein få til det må ein vite himmelretning på flanken ein vil køyre ned og når sola står inn i denne.

Kan ein ha med born på topptur?

Marit: – Ja. Men då må det vere på borna sine premissar. Alt av familietur kan vere fint, og ein lærer borna sunne verdiar. Toppturutstyr kan vere kostbart, born veks raskt. Eit tips er at born går med lett langrennsutstyr opp, der foreldra ber det tyngre alpintutstyret opp. Lat borna gå først. Lat borna ha det artig med å leike med sender/mottaker. Gå passe lange turar, finn fin snø, ikkje dårleg skiføre det er ikkje morosamt. Leik saman.
 
Halvor: – Det viktigaste er turgleda. Born bør lære å stå på ski først. Turane må ikkje vere for lange eller for bratte. Her i Sogndal er Tylderingen, en fin familietur hvis borna har lært å stå på alpin ski.
 
God tur!